25 februar 2009

Elg i solnedgang

Elg i solnedgang er eit veldig populært motiv for kunstmålarar, særleg dei litt eldre.
Bestefar til Thomas er målar og svært oppteken av elgar. Thomas er på besøk i
sommarferien og saman med bestefar oppdagar han ein levande elg i byen, fyrst i parken og så på zoologisk museum. Det endar med at elgen blir med dei heim og får koma inn i huset, men det er ikkje så lett å bu saman med ein elg.Dei to får mange slags opplevingar saman med dette dyret.Inni forteljinga får du også litt faktastoff om elgar. Bak i boka er det elgdikt.
Det er Bjarte Bjørkum som har skrive denne boka. han er både forfattar, fotograf og illustratør.

Den usynlege kona og andre forunderlege folk

Terje Jonassen har skrive denne boka med fleire historiar i. Her møter me Adrian og Brynhild som kjem opp i mage slags merkelege problem. I den fyrste forteljinga vert Brynhild usynleg, det er ikkje enkelt, særleg ikkje når ho berre vil vera inne og heller ikkje vil snakka. Snart lurer naboane på kvar ho er og ein dag kjem politiet, dei både spør og byrjar å grava i hagen...
I andre forteljingar møter me mystiske personar på taket og innbrotstjuvar som vert inviterte inn. Dette er boka for deg som vil ha rare og morosame forteljingar.

En terrorist i senga

Adrian er sistemann ned akebakken og oppdagar ein svart bylt i snøen. Det er ein svarthåra ungdom. Adrian trur fyrst han er daud, men så ille er det ikkje, derimot har han mist hukommelsen - noko som fører til store problem og mange forviklingar. Adrian finn ut at han må redda denne ungdomen og tek han med seg heim.Dette må vera hemmeleg for dei andre i huset. I kjellaren bur oldefar som er svært skeptisk til innvandrarar, det er vanskeleg sidan Adrian er sikker på at den ukjende er muslim og kanskje terrorist. Ei jente i klassen spelar også ei viktig rolle i denne historia.
Dersom du likar humor, kan du risikere at denne boka er noko for deg - overraskande slutt. Boka fekk i fjor Ark sin barnebokpris. Forfattar: Endre Lund Eriksen

12 desember 2008

Bokmeldingar frå 7.klasse Kinsarvik skule

Elevane på 7.trinn ved Kinsarvik skule har lese mange spennande og skumle bøker i haust. her er deira boktips. Alle bøkene kan du låna på biblioteket eller skulebiblioteket. Er det ei bok du ikkje finn, så ta kontakt med biblioteket på kinbibl@online.no.

Vampyrnatten

Forfattar: Ingun Aamodt
Tittel: Vampyrnatten


Spennande grøssar
Denne boka er ei av bøkene i serien: Marg og Bein. Marg og Bein er ein råskummel serie. Eg valde denna boka fordi eg har lese nesten alle dei andre bøkene i serien. Sjekk under senga, ha lommelykta klar og førebu deg på isande grøss.
Det begynner med at Christian, Joakim og heile 7.klasse skal overnatte på skulen. Utanfor skulen er det ein stein som står Hans Grimler på. Plutseleg får 7. klasse besøk av ein mystisk forfattar. Ingen veit kva han heiter eller kva bøker han har skrive. Christian og Joakim gidd ikkje å høyra på han, så dei går ut. Plutseleg ser dei at steinen ikkje er noko stein lenger, det var fyrst no dei skjønte at det var ei grav som stod Hans Grimler på. Og dei såg og at hella var dytta vekk og at det ikkje låg nokon der...
Denne boka passar for 10-15 år

Dødelig blitz

Tittel: Dødelig Blitz
Illustrert: Olve Askim
Forfattar: Arne Svingen
Forlag: Damm
127 sider

Arne Svingen (f. 1967) debuterte i 1999 med den kritikerroste romanen Handlingens mann, og har sidan det skrive ei rekke populære bøker for barn, ungdom og voksne. Han fekk brageprisen for ungdomsromanen Svart elfenben i 2005
Det begynner med at Balder fekk eit nytt digitalt kamera, dei visste om eit gammalt hus i nabolaget der dei kunne gå inn i og ta bilde, det var eit vindauge i kjellaren som var ope.
Dei 3 vennene Balder, Tom og Snorre reiser til det gamle huset, det er ganske mørkt der, så det er vanskeleg å gå. Dei tar masse bilde av masse rart og går opp trappa og tar bilde der og. Når dei er komme heim, så fram kallar dei bildene på pc’en, då får dei sjå noko som liknar på ein død mann.. Det er då det heile begynner.
Eg synest Dødelig blitz var ei knall bra bok, det er vel nesten den beste eg har lese i serien, men alle er nesten lika gode. Det er 3 prisbelønnte norske forfattarar som skriv: Ingun Aamodt, Arne Svingen og Jon Ewo. Denne boka passar for dei i alderen av 11-14 år.

Rattus norwegicus

Forfattar: Arne Svingen
Tittel: Rattus Norwegicus
Illustrert: Olve Askim
Forlag: Cappelen Damm
112 sider

Arne Svingen (f. 1967) debuterte i 1999 med den kritikerroste romanen Handlingens mann, og har sidan det skrive ei rekke populære bøker for barn, ungdom og vaksne. Han fekk brageprisen for ungdomsromanen Svart elfenben i 2005
Det handler om at nabolaget til Christer har den største søppelstreiken noken sinne. Det betyr at det er fullt av feite kloakkrotter der. Etter kvart trekker rottene seg inn i husa til folk. Ei natt merkar Christer at det er noko rart oppe i senga hans, det er ei feit kloakkrotte!
Saman med faren oppsøker Christer ein forskar som meinar han har funne opp verdas beste rottegift, Christer dekker golvet på romme sitt med denne gifta. Det er da det heile begynner..
Eg synest Rattus norvegicus var ein veldig god bok. Tross alt er Marg&Bein serien den beste serien eg nokon gong har lese, eg har lest ganske mange av dei og er nesten like fornøgd med alle sammen. Eg ambefaler desse bøkene sterkt! Denne boka passer for dei i alderen 10-14 år.

Kaldt blod

Kaldt blod er ein serie med 6 bøker. Den boka eg skal presentera er den første boka i serien og heiter ”De forsvunne barna” og ho var veldig kjekk. Dei neste bøkene i serien heiter ”Den gale professoren” , ”Den store zombien” , ”Du er død, Tobias” , ”På flukt” og den siste heiter ”Det tredje treet”. Forfattaren av boka heiter Jørn Jensen. Eg har kun lest den første boka, ”De forsvunne barna” og den var veldig god. Serien passar for ungar frå 10-13 år. ”De forsvunne barna” handlar om ein gut som heiter Tobias og lillesøstera Simone. Ein dag flyttar det ein ”blind” mann inn i nabohuset. Dei lurer på kven det kunne vere. Det var 3 ungar frå kvar bydel som hadde blitt kidnappa. Den einaste bydelen som ikkje hadde mista nokon barn, var i den bydelen som familien hans budde. Plutseleg blei ein av bestevennane til Tobias kidnappa……. Lån boka for å finna ut kva som skjer. Bøkene er svært lettlest så liker du lettlest grøss? Da er dette serien for deg!

Mare

Forfattar: Ruben Eliassen.
Illustratør: Olve Askim


Mare Circus er nr.1.
Nr.2 er Mare Nøkkelen.
Nr.3 er Mare Apokalypsen.

Ruben Eliassen har også skrive Phenomena som er veldig bra!


Circus:
Det kjører ein sirkusbil som stoppar med ein dam,
Esmeralda skal vaska klede. Då ho merkar ein gut som ligg i ein dam, spring ho bort
og ho trur han e død...
Guten får eit namn av Esmeralda, namnet er Mare.
Han har vonde draumar, han vaknar kvar natt.


Kva vil skje?.... LES BOKA!

Fangar i natta

TITTEL: Fangar i natta
FORFATTAR: Atle Hansen
SIDER: 73.
Den handlar om:
Det handlar om nokon som bur på ei øy. Ein dag skulle ein gut som heiter Martin ned til jolla si. Når han kom ned, såg han at påhengsmotoren var borte. Han sprang opp til far sin og fortalde det. Dei ringte til lensmannen. Når han kom bort fortalde han at det hadde vore inbrot i butikken hans. Dei hadde høyrt at det var fleire påhengsmotorar som var stolne. Martin sa til Steinar, viss du finne påhengsmotorane, skal du få jolla mi i ein heil dag. Steinar hoppa på sykkelen og sykla avgårde. Når han kom tilbake etter ei lang stund sa han at han hadde funne dei. Dei sprang bort til der Steinar viste kor dei låg. Men då dei kom bort, var ikkje påhensmotorane der. Anna,og Steinar kjenner ei hand bak seg. Anna snur seg og der står ein...
Boka synest eg passar for 10 – 14\15 år.

De blodrøde bokstavene

Forfattar: Ole-Mikal Nilsen
Tittel: De blodrøde bokstavene
illusteret av: Jens Kristensen
forlag: Gyldendal
sider: 103


Boka handlar om to jenter som elskar å snoke og løyse saker.
Ein dag var Wenche og mor hennar på besøk til kjæresten til mora.
Silje var med Wenche. Dei gjekk ein tur bort til kirka. Først høyrer dei eit smell oppe og så ser dei på ei grav at det står: DEN DØDE LEVER. Men neste dag står det ikkje der lenger. Wenche spør stefaren sin om han veit nokon historier. Plutseleg ser dei ein skikkelse i skogen. Det ser ut som...

Phenomena

Phenomena er ei veldig spennande bok som passar for folk fra 10 til 14 år
Det er RUBEN ELIASEN som har skrive boka og han har laga bokserien MARE som er nesten like bra. Dette er ei av dei beste bøkene eg har lest.

UTDRAG:
- hvem er du? freste mannen og holt Conrad i eit fast grep inn mot veggen milliian kunne se at Conrad prøvde å vri seg ut av grepet hans, men presten som holdt han ,var sterk.
Conrad bevegde bliket fram og tilbake ,men prøvde samtidig å virke rolig.
- eg spurte deg om noe! Sa mannen og bøyde seg mot han. - er det flere her.
Conrad ristet på hodet.

21 juli 2008

Tsarens kurér


Tsarens kurér handlar om Mikael Strogoff, ein kurér som må reisa frå Moskva til Irkutsk. Han har eit brev som skal fram til storfyrsten. Samtidig som Mikael Strogoff reiser frå Moskva, rykker tartarene inn i øst Sibir under ledelse av Feofar Khan. Det blir eit kappløp med tiden, Tartarene og forræderen Ivan Ogareff.

XXL



XXL er ein maksimalistisk roman om livet, kjærleiken og den store gjedda.
Boka handlar om Bud Martin. Han er str. XXL. På ei veke skal Bud holda styr på Jerry, søskenbarnet hans med overskudd. Han skal male huset til foreldra. (det er også XXL) han skal fange den store gjedda. (også den i XXL) og finna ut av livets største mysterium, kjærleiken.

Berserk


Berserk er ein fri oppfølgjar av beist. Boka handlar om Chas som bur i lag med mor og bestemor si. Han finn på masse faenskap og går sjeldan på skulen.
Bakpå boka står det:
"Du må være sprø for å
være venn med en morder"

Nettsida til forfattaren

Den unge Bond


Den unge Bond er ein bokserie som handlar om James Bond som tenåring. På biblioteket i Kinsarvik har me bøkene både på norsk(1-3 bok) og engelsk(1-2 lydbok og 1-4 bok).
Bøkene er spennande og passar bra som lett sommarlesing.

Nettsida til forfattaren

I morgen da krigen kom



I "I morgen da krigen kom" reiser nokre ungdommar på telttur i den australske "bushen" i ei veka. Då dei kjem heim er det ingen heime og husdyra er døde.

Eg synest at boka er bra fordi den er spennande og til tider morosam.

Nettsida til forfattaren.

16 juli 2008

Tilfeldigvis


Dette er ei av dei beste bøkene eg nokon gong har lest. Den handlar om Arial Footlight, ein gut fra landsbyen Zona. Boka begynne med Arial sin fødsel og følgjer han gjennom livet. Boka handlar og om Kaos, Tid, Materie og Tilfeldighet. Boka er god på mange måtar. Den har ein historie som driv deg framover, men samtidig er det mange djupare spørsmål som: "Var det ein god idè å finna opp gudar?" "Finst det tilfeldighet?" Boka passar vel best for ungdommar mellom 13 og 16.

10 juni 2008

Bok Quiz på Voss bibliotek sine nettsider


I høve internasjonal bokdag vart det laga bok quiz for grunnskulen.

Dette er enkle oppgåver der ein kan "bryna" seg på kunnskap innan litteratur for born og ungdom.

Nettbibliotek for born og ungdom - sjekk ut


Bergen off. bibliotek har utarbeida eit flott nettbibliotek for born og unge.

Dra på oppdagelsesferd i bøkenes verden. Det er mange rom, og når ein les opnar dørene seg.

Bibloteket har flotte tema og lister. Boka "Svartebokens hemmeligheter" av F.E. Higgins er ei vekas bok.


31 mars 2008

Gutten i den stripete pyjamasen

Dette er ei grusomt god bok. Når du har lese slutten skjønar du kvifor. Ho handlar om Bruno ein gut som lever eit beskytta liv saman med familien sin i Tyskland, men som brått må flytta til ein annan stad fordi far hans har fått ein svært viktig jobb. På den nye staden er det ingen å leika med for Bruno, men bak eit høgt gjerde ved sidan av huset oppdagar han mange folk i pyjamas. Han kjem etter kvart i kontakt med ein gut som bur innanfor gjerdet og dei blir vener. Bruno forstår ikkje så mykje av det som skjer rundt han, men han kallar den nye staden for "Alt trist". Dette er ei bok som handlar om 2.verdskrig. Boka er fortalt ut frå Bruno sin synsstad, men me som les boka forstår mykje meir enn Bruno. Boka sluttar ikkje godt. ho passar for born, ungdom og vaksne frå ca. 10år.
Vil du lesa fleire bøker frå andre verdskrig kan du lesa bøkene om Sofie og Katrine av Grete Haagenrud eller bøkene om Steffi og Nelli av Annika Thor. Her finn du bokmelding på desse bøkene.

09 mars 2008

Beist


Dete er ei spanande bok som fortel om Stephen 17 år og om eit digert beist som lever langt inne i skogen, halde i sjakk berre av eit rusta gitter. Ingen andre enn Stephen veit om beistet, han har fora det sidan det berre var ein liten baby. No skal Stephen snart flytta, så han må kvitta seg med beistet ein gong for alle, men korleis skal han klara det utan å setja sitt eige eller andre sitt liv i fare? Boka er skriven av Ally Kennen

Trendy å gå på biblioteket !

No er det kult å gå på biblioteket. Det har danske trendforskarar funne ut. Det er miljøvenleg å låna bøker i staden for å kjøpa dei. Det er ikkje lenger så kult å sitja på kafé, det gjer jo alle , seier danske ungdommar.
Sjå artikkel i siste nummer av Klar tale